Verdsmeisterskapen i orientering 2023

Verdsmeisterskapen i orientering 2023, den 39. i sitt slag, vart avvikla i Flims og Laax i Sveits dagane frå 11. til 16. juli. På programmet stod fire individuelle tevlingar og to stafettar, ein kvar for begge kjønn. Det var fjerde gongen orienterings-VM fann stad i Sveits, sist i 2012.

Arrangørlandet Sveits og Sverige dominerte meisterskapen ved å vinne til saman fem av seks gullmedaljar og 12 av 18 medaljar. Sveits sanka sju medaljar (3–4–0), Sverige fem (2–1–2). Noreg (1–0–2 ), Finland (0–1–1) og Austerrike (0–0–1) tok dei resterande medaljane.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy